Maria og Jenny har skrive desse gjesteinnlegga for kvarandre utan å vite kva den andre har skrive.
Hei alle menneske som les bloggen til Jenny (alle to). This is Maria speaking. Bloggen min er mykje betre, finare og meir populær enn Jenny sin. Sjekk den ut her. Hade. 
Kødda, skal skrive litt meir. I dag laga eg og Jenny taco, hos meg. Først handla me inn. Du treng ikkje spørje kvifor eg handla laks når eg skulle lage taco. Kvifor du ikkje treng å spørje? Fordi eg skal skrive svaret her. Eg og Jenny tok bilete med laksen fordi den var norsk, og så la me den tilbake i hylla. To bad for the butikk. 
Etterpå gjekk me i allefall heim for å lage tacoen, men dei italienske ingrediensane var svært mangelfulle eller rett og slett fråverande. Me hadde i allefall mais og ananas, som er det viktigaste.

Jenny var så dårleg til å lage mat at eg vart ca så glad. Alt Jenny ville var å ta bilete av at ho lagde maten, og ta bilete av mesterkokken Maria.

Jenny vart ond og tok 123434957 bilete, og eg sovna.

Her ser de korleis eg laga maten medan Jenny fotograferer seg sjølv.

Og så nokre bilete som Jenny tvang meg til å ta. Fin liksom.

Jenny leikte Moses.

Jenny filma seg sjølv med webkameraet mitt. Ho sang og dansa. Eg grein litt på grunn av smerte i augene og øyrene.

Til slutt åt me tacoen, som vart nesten dritgod. Den er betre i Noreg, kanskje fordi me har tacokrydder som ikkje er tullekrydder.

Vertsfamilien min likte maten (trur me, det kan jo hende dei berre latar som for å vere hyggelege). Dette er faktisk første gongen eg har ete meir enn dei..

Forresten: Til alle dei som trur at eg og Jenny kjem heim kjempebrune; you've got it wrong. Legg merke til at eg går med boblejakke på butikken. Er ikkje 30 grader lengre, buhu.
Klem fra mesterkokken Maria som har besøk av fotogene fotograf Jenny i natt.